95 88 91 91 post@hospiceforum.no

Håpet

Vi treng håpet. Den vesle kvite perla ein stad i oss, gøymt.

Den stille elva som brått kan brusa over.

Utsynet bak neste sving. Tonen som løftar dagen.

Vi treng handa som løftar fram og orda som vekkjer draumar.

Løvetannen opp or asfalten. Fuglen på veg i fridomen, lyset på skrå inn.

Håpet vi kan gje kvarandre, eller ta bort. Denne dagen er vår.

Fra “Å dryssa stjerner” av Bente Bratlund Mæland